IMG_5930

Diverse bilete 2020

Bilete frå årsmøtet, koronaøvingar i Førdehuset og 70-års jubilanten Leon.

Birger Hagevold Johansen

Utdeling av kongens fortjenestemedalaje til Hilde

Det var ei flott og høgtideleg markering då Hilde Bjørkum fekk utdelt kongens fortjenestemedalje av ordførar Olve Grotle på Sogn og Fjordane Kunstmuseum laurdag 4. juli 2020. Indre Sunnfjord Spelemannslag fekk vere med på markeringa, og ta del i underhaldninga.

Birger Hagevold Johansen

Festivalkonsertar for dei eldre 1. juli 2020

Sjølv om årets Folkemusikkfestival er avlyst så fekk spelemannslaget i oppdrag å spele ved omsorgssentra i Førde, Naustdal, på Sande og Vassenden. Det sette vi stor pris på!

IMG_4125

Hilde Bjørkum er tildelt Kongens fortjenestemedalje

Hilde Bjørkum får medaljen som påskjøning for innsatsen ho har gjort innan kultur og folkemusikk, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Spelemannslaget gratulerer!

Firda-artikkel boklansering

Boklansering 08.02.2020

Jubileumsboka til spelemannslaget vart slept under festen "Aftan på Ålhus" den 8. februar. Boka har fått tittel etter lagssongen: "Vi kallast Indre Sunnfjord...".
Journalist Ivar Bruvik Sætre i Firda var til stades og laga reportasje, og har stilt bilete til disposisjon.

IMG_9717

Helgekurs i hardingfelespel m/Alexander Aga Røynstrand på Mo 17-19. januar 2020

Ingen ringare enn kongepokalvinnaren frå Landskappleiken 2019 kjem til Sunnfjord for å halde kurs denne helga.