IMG_1056-2

Slå den du! Rikken er 90 år og framleis aktiv i spelemannslaget

Rikken kom med i spelemannslaget tidleg på 1980-talet, og i 2002 vart han utnemnd til æresmedlem. Framleis stiller han på øving kvar onsdag, og deltek på speleoppdrag og kappleikar saman med laget. På den siste øvinga før gebursdagsfesten gjorde han eit unntak og heldt seg heime fordi han tenkte vi kanskje hadde ein slått vi trengde å øve på. Og det hadde han jo heilt rett i. Til 80-års dagen hans hadde Sigmund laga ein vals med namn Rikken som vart urframført for 10 år sidan. Den skulle vi spele når han feira 90 også, men sidan den ikkje har vore så mykje brukt trengde vi å øve. Så Rikken er like omsynsfull som alltid.

2024-03-05
IMG_0936-2

Årsmøte 2024

Sjå bilete og oppsummering frå møtet.

Terje Rune og Knut starta møtet med å spele Gå-låt av Anders Viken. Første gong dei framførte slåtten var på NRK Fjernsyn i programmet Tonevev frå Jølster i 1987. Eit gjensyn med dette finn ein her: Tonevev frå Jølster. Opptaket med Gå-låt startar etter 17 min. og 45 sek. 

2024-02-15
Nils Helgheim

Arrangement 2024

Her er ei oversikt over eit utval arrangement som kan vere aktuelle for spelemannslaget og folkemusikk- og danseinteresserte i 2024.

Sjå også den landsdekkande arrangementskalenderen
Folkarr.no

IMG_0889-2

Dagunn jubilerer

På den første øvinga i 2024 feira vi nyleg overstått gebursdag for Dagunn.

Frivilligfest. Dagfrid Vallestad Brevik spelar Gode grannar, hamborgar av Arne M. Sølvberg

Frivilligfest i Førdehuset 18.11.2023

Etter ein vellykka Landsfestival sist sommar var det ei glede for spelemannslaget å få gjere stas på alle dei positive frivillige ved å invitere dei til fest. Det var stort frammøte og god stemning, og våre gode grannar i Naustedalen Spelemannslag stilte opp med dansemusikk av beste slag. Deltakarane fekk også servert slåttespel av Dagfrid Vallestad Brevik, og ei kunstutstilling for anledninga.

Kulturnatt i Førde b

Diverse bilete 2023

- Danseøving på Eikås
- Gebursdag Egil
- Kulturnatt i Førde
- Viksdalsmarknaden

Opningskonserten Indre Sunnfjord Spelemannslag

Landsfestivalen i Førde 2-6. august 2023

Indre Sunnfjord Spelemannslag arrangerte ein vellukka festival takka vere stor innsats frå dei frivillige og gode samarbeidspartar. Deltakarar og publikum var fornøgde, og veret var på vår side. Her er bilete og videoar frå festivalen.

Sommarnatt på Jølster-Foto Førdefestivalen

Førdefestivalen 2023

Det var mange høgdepunkt under årets Førdefestival, og Indre Sunnfjord Spelemannslag fekk vere delaktig. Her er eit lite tilbakeblikk.

Landsk l LOM 23_Indre Sunnfjord Spelemannslag_MG_1112

Landskappleiken i Lom

Bilete frå kappleiken og turen.

Vi kallast Indre Sunnfjord 1

Lagssongen vår, skriven av Bjarte Øvrebø:

Vi kallast Indre Sunnfjord

Denne må kunnast på rams av alle spelemenn i laget!
Melodi: Ola Tveiten.