Ma | Ti | On | To | Fr | |||
---|---|---|---|---|---|---|---|
14 | 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 |
15 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 | 13 | 14 |
16 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 | 20 | 21 |
17 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 | 27 | 28 |
18 | 29 | 30 |
Indre Sunnfjord Spelemannslag arrangerte ein vellukka festival takka vere stor innsats frå dei frivillige og gode samarbeidspartar. Deltakarar og publikum var fornøgde, og veret var på vår side. Her er bilete og videoar frå festivalen.
Torbjørn Anderson filma under kappleiken, og her har han lagt ut video frå lagspel-tevlinga der laget spelte Halling etter Ole Viken
Naustedalen Spelemannslag arrangerte ein god kappleik på Førde barneskule 14-15. april.
Sjå bilete og videoar frå kappleiken.
Lagoppstilling med både spelemenn og dansarar.
I lagspel deltok vi med Knekten og Ljåslåtten og vart nr. 9.
Heile laget sytte for musikk til dansarane, som vart nr. 7 i lagdans til Reinlender etter Erling Sandal.
Sjå videoar med Irene og Leon i pardans kvalifisering, heile laget i lagdans samt lagspelet.
Opptaka er gjort av Jostedalvideo.
Den 29-30. mars var Spelemannslaget Fjelljom vertsskap for Fylkeskappleiken, og Indre Sunnfjord Spelemannslag var sjølvsagt til stades med spelemenn/spelekvinner og dansarar. Sjå bilete og lenke til opptak gjort av Jostedalvideo.
Distriktsradioen for Sogn og Fjordane hadde eit innslag i morgonsendinga den 17. januar 2019 med tittelen "Å la folkemusikken leve". Der har reportaren vore ute i felten, og har intervjua Ine Kjøsnes Raad, Gunhild Daling Korsøen og Sigmund Eikås frå Indre Sunnfjord Spelemannslag. Høyr innslaget med våre medieambassadørar her:
Høyr Ine Kjøsnes Raad og Sigrid Moldestad i Distriktsprogrammet på NRK radio den 14. desember 2018.
Videoar av lagdans og pardans:
Lagdans: Indre Sunnfjord Spelemanslag
Pardans: Gruppe 6
Pardans: Finale
Dei to første opptaka er det Jostedalvideo som står bak. Det nederste er lagt ut av FolkOrg.
Sjå lenker til Jostedalsvideo sine opptak av Indre Sunnfjord Spelemannslag frå kappleiken.
Lagdans bygdedans
Lagdans runddans
Lagspel runddans
Spel fele/hardingfele klasse C - Gunhild Korsøen