Dobbeltjubilant

Mykje å feire for Fonnjen.

Asbjørn Fonn 80b2
Kake og gåve høyrer med når ein har fylt 80 år, og har vore med i spelemannslaget i halvparten av dei. Foto: Dagunn Kjøsnes
Asbjørn Fonn 80a
To spelemenn. Foto: Dagunn Kjøsnes

Asbjørn runda 80 i fjor, og i år har han vore med i spelemannslaget i 40 år. Kanskje difor han er så sprek?

Jubilanten har ein finger med i spelet på fleire måtar: både som spelemann, felereparatør og felemakar. Det er alltid ei fele som må justerast eller reparerast, og Fonnjen er supersnill og seier aldri nei.

Markeringa var på siste øvinga før jul (05.12.2018).

| Mer++