Jubileumsbok om Indre Sunnfjord Spelemannslag

Spelemannslaget har fylt 50 år, og lagssoga er samla mellom stive permar i ei bok som har fått tittel etter lagssongen vår: "Vi kallast Indre Sunnfjord...". 
Redaktør av boka er journalist og folkemusikar Jostein Aardal. Omslagsfoto: Knut Utler, Førdefestivalen.
Boka vart lansert i Borgja under festen "Aftan på Ålhus" den 8. februar 2020.

Indre Sunnfjord Spelemannslag - omslag

Dette er andre boka Indre Sunnfjord Spelemannslag står bak. Den første var Skapt til spelemann. Sigmund Eikås - mannen og musikken som vart utgitt i samband med at nestoren i spelemannslaget fylte 70 år i 2017.

Vi håpar og trur at dei to bøkene einskildvis, og ikkje minst samla, er interessante og gjev viktige bidrag til kunnskap om folkemusikk, spelemenn- og kvinner, songarar og dansarar i Sunnfjord og litt til.

| Mer++