Kurshelg med Steinar Rygg og Ottar Kåsa 17-19. september 2021

Gaular Spelemannslag og Gamlebanken Spelemannslag inviterer til kurshelg i Førde frå 17-19. september.

Dette er kurset som oprinneleg var planlagt i januar, men som måtte utsetjast grunna korona.

Det vert spelekurs med Steinar Rygg som instruktør, og i tillegg vert det kurs med Ottar Kåsa med fokus på vedlikehald av hardingfela.

Sjå kva for slåttar vi lærde.

Steinar Rygg, foto S
Steinar Rygg, spelemann og lærar frå Voss
Ottar Kåsa, Ragnar Lurås
Ottar Kåsa, spelemann og felemakar frå Vinje, busett i Bø i Telemark
Kurs med Osa i Hallingdal 1970
Det er ikkje berre fire handplukka spelemenn som får delta på dette kurset, slik det var i Hallingdal 1970

Kursstad: Førdehuset
Arrangør: Gaular Spelemannslag og Gamlebanken Spelemannslag

Deltakarane vert delt i to grupper. Gruppe 1 startar med Ottar og gruppe 2 med Steinar.

Timeplan:
Fredag: 20.00 - 22.00
Laurdag: 10.00 - 16.00 (lunsj kl. 12, byter gruppe kl. 14)
Søndag: 11.00 - 14.00

Kurshelga i september vert altså litt annleis samanlikna med tidlegare år. Det vert som vanleg eit spel-kurs, denne gong med Steinar Rygg som instruktør. I tillegg vert det kurs med Ottar Kåsa med fokus på vedlikehald av hardingfela. Ottar Kåsa skriv dette om kva kurset han skal ha vil innehalde:

Kurset vil handle om vedlikehald og stell av feler; korleis ein kan halde dei reine, byte strengar, smørje stillepinnar og ellers korleis ein kan undersøke felene på eiga hand om ein merkar at noko er gale. Det kan vera alt frå å finne ut av og løyse problem med klirrelydar, opne sargar, laust gripebrett, strengelegging og stillepinnesmørjing; i det heile å bli meir bevisst på å halde fela iorden med enkle verkemiddel. Det vil også bli litt om generelt felemakeri, slik at ein kan få meir innsikt i instrumentet ein spelar på.

Det vert lagt opp til at deltakarane er med på begge kursa i løpet av helga. Kursa går parallelt og vi deler deltakarane inn i to grupper som byter instruktør/kurs på midten. Timeplan vert sendt ut til deltakarane i dagane før kurshelga.

Kurset er ope for alle spelemanslaga i Sogn og Fjordane. Arrangøren satsar på at kurset vert mogleg å gjennomføre, men vi må også vere budd på at det kan måtte avlysast.

Påmelding innan 3. september. På grunn av korona-restriksjonar er det plass til maks 50 deltakarar på kurshelga. Ein melder seg på til enten Dagfrid Vallestad Brevik eller Ingrid Schei Stuhaug.
Dagfrid: Tlf 995 91 736, E-post: hafelia@hotmail.com
Ingrid: Tlf 900 16 334, e-post: ingrid.stuhaug@gmail.com

Vi lærde desse slåttane:
- Bulkospringar etter Per Bulko
- Gamal Vossarull (1)
- Gamal Vossarull (2)
- Muraren

| Mer++