Steinar Rygg, foto S

Kurshelg med Steinar Rygg og Ottar Kåsa 8-10. januar 2021 - Utsett

Gaular Spelemannslag og Gamlebanken Spelemannslag inviterer til kurshelg i Førde frå 8. - 10. januar. Kurshelga vert litt annleis samanlikna med tidlegare år. Det vert som vanleg eit spel-kurs, denne gong med Steinar Rygg som instruktør. I tillegg vert det kurs med Ottar Kåsa med fokus på vedlikehald av hardingfela.

2020-12-18
IMG_5930

Diverse bilete 2020

Bilete frå årsmøtet, koronaøvingar i Førdehuset og 70-års jubilanten Leon.

Landsfestivalen 2019 Kinsarvik 2

Landsfestivalen 2019 i Kinsarvik

Lagoppstilling med både spelemenn og dansarar.
I lagspel deltok vi med Knekten og Ljåslåtten og vart nr. 9.
Heile laget sytte for musikk til dansarane, som vart nr. 7 i lagdans til Reinlender etter Erling Sandal.
Sjå videoar med Irene og Leon i
pardans kvalifisering, heile laget i lagdans samt lagspelet.
Opptaka er gjort av Jostedalvideo.

Birger Hagevold Johansen

Utdeling av kongens fortjenestemedalaje til Hilde

Det var ei flott og høgtideleg markering då Hilde Bjørkum fekk utdelt kongens fortjenestemedalje av ordførar Olve Grotle på Sogn og Fjordane Kunstmuseum laurdag 4. juli. Indre Sunnfjord Spelemannslag fekk vere med på markeringa, og ta del i underhaldninga.

Birger Hagevold Johansen

Festivalkonsertar for dei eldre 1. juli 2020

Sjølv om årets Folkemusikkfestival er avlyst så fekk spelemannslaget i oppdrag å spele ved omsorgssentra i Førde, Naustdal, på Sande og Vassenden. Det sette vi stor pris på!

Feiring av ferdig innspelt plate nr 1, Sandalen på sørsida av Jølstravatnet, sommaren 1984-1

Asbjørg og Rune Lotsberg sine bilete

Rune og Asbjørg sitt rikhaldige arkiv med lysbilete dekker det meste av 1980-talet.

2002 Arnfinn 50 g-2b

Frå Ingrid Søyland sine album

Her er bilete frå Ingrid sine mange fotoalbum med spelemenn, og ikkje minst dansarar. Bileta er frå åra 1984 til ca. 2004.

På veg til Landsfestivalen på  Heimdal 1987-2

Torunn Raftevold Rue sine bilete

Her er samla bilete som Torunn har teke i perioden 1983-1987.

IMG_4125

Hilde Bjørkum er tildelt Kongens fortjenestemedalje

Hilde Bjørkum får medaljen som påskjøning for innsatsen ho har gjort innan kultur og folkemusikk, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Spelemannslaget gratulerer!

Landskappleiken i Oslo 1919, kjelde Folkemusikksenteret i Buskerud, org

Litteratur om folkemusikk

På Nasjonalbiblioteket sine sider er det mykje stoff om folkemusikk. M.a. kan ein lese Norsk Kappleiksoge frå 1978. Boka inneheld stoff og resultat frå dei første Landskappleikane. På side 45 står det om Landskappleiken i 1919 der Anders Viken deltok, og om ein kontrovers mellom han og arrangøren/domarane.
Biletet er frå denne kappleiken.