Ma | Ti | On | To | Fr | |||
---|---|---|---|---|---|---|---|
13 | 1 | 2 | 3 | 4 | |||
14 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 |
15 | 12 | 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 |
16 | 19 | 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 |
17 | 26 | 27 | 28 | 29 | 30 | 31 |
Det var fullt hus og god stemning då Indre Sunnfjord Spelemannslag feira 50 år med fest på Jølster. Det var konsert og underhaldning, eit talrikt og flott publikum, fine ord og helsingar, god mat og svingande dansemusikk. Stor takk frå spelemannslaget til alle som deltok på festen, og til alle som bidrog på scena, på kjøkkenet, med kakebakst, pynting, billettsal og mykje meir.
Den årlege Viksdalsmarknaden gjekk av stabelen 9. november, og splemannslaget fekk vere med å bidra til dansemusikken. Artig å spele for eit danseglad publikum.
Vestlandskappleiken 2019 var på Nordfjordeid 18-19. oktober. Indre Sunnfjord Spelemannslag stilte mannsterke både innan spel og dans. Her kan du sjå bilete frå kappleiken.
Lagoppstilling med både spelemenn og dansarar.
I lagspel deltok vi med Knekten og Ljåslåtten og vart nr. 9.
Heile laget sytte for musikk til dansarane, som vart nr. 7 i lagdans til Reinlender etter Erling Sandal.
Sjå videoar med Irene og Leon i pardans kvalifisering, heile laget i lagdans samt lagspelet.
Opptaka er gjort av Jostedalvideo.
Laurdag den 15. juni 2019 deltok spelemannslaget med dansespel under Pederhusveka.
Den 29-30. mars var Spelemannslaget Fjelljom vertsskap for Fylkeskappleiken, og Indre Sunnfjord Spelemannslag var sjølvsagt til stades med spelemenn/spelekvinner og dansarar. Sjå bilete og lenke til opptak gjort av Jostedalvideo.