IMG_4125

Hilde er tildelt Kongens fortjenestemedalje

Hilde Bjørkum får medaljen som påskjøning for innsatsen ho har gjort innan kultur og folkemusikk, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Spelemannslaget gratulerer!

IMG_0916

Diverse bilete 2020

1. Kulturelt innslag på årsmøtet. 

2. Øvingar i koronatider er litt annleis enn vanleg. Vi er heldige og har fått låne festsalen i Førdehuset.

Landskappleiken i Oslo 1919, kjelde Folkemusikksenteret i Buskerud, org

Folkemusikk- og kappleikslitteratur

På Nasjonalbiblioteket sine sider kan ein lese Norsk Kappleiksoge frå 1978. Boka inneheld stoff og resultat frå dei første Landskappleikane. På side 45 står det om Landskappleiken i 1919 der Anders Viken deltok, og om ein kontrovers mellom han og arrangøren/domarane.
Biletet er frå denne kappleiken.

Feiring av ferdig innspelt plate nr 1, Sandalen på sørsida av Jølstravatnet, sommaren 1984-1

Asbjørg og Rune Lotsberg sine bilete

Rune og Asbjørg sitt rikhaldige arkiv med lysbilete dekker det meste av 1980-talet.

2002 Arnfinn 50 g-2b

Frå Ingrid Søyland sine album

Her er bilete frå Ingrid sine mange fotoalbum med spelemenn, og ikkje minst dansarar. Bileta er frå åra 1984 til ca. 2004.

På veg til Landsfestivalen på  Heimdal 1987-2

Torunn Raftevold Rue sine bilete

Her er samla bilete som Torunn har teke i perioden 1983-1987.

IMG_0863

Oppstart øvingar

Det vert øvingar frå 13. mai og utover i festsalen i Førdehuset.

Krysspel

Eldre bilete

Bilete som vart samla inn under arbeidet med spelemannslaget si 50-års soge, og som ikkje kom på trykk er samla i ulike album under fana  Fotoalbum - Eldre bilete.

Firda-artikkel boklansering

Boklansering 08.02.2020

Jubileumsboka til spelemannslaget vart slept under festen "Aftan på Ålhus" den 8. februar. Boka har fått tittel etter lagssongen: "Vi kallast Indre Sunnfjord...".
Journalist Ivar Bruvik Sætre i Firda var til stades og laga reportasje, og har stilt bilete til disposisjon.

Indre Sunnfjord Spelemannslag - omslag

Jubileumsbok om Indre Sunnfjord Spelemannslag

Spelemannslaget har fylt 50 år, og lagssoga er samla mellom stive permar i ei bok som har fått tittel etter lagssongen vår: "Vi kallast Indre Sunnfjord...". 
Redaktør av boka er journalist og folkemusikar Jostein Aardal. Omslagsfoto: Knut Utler, Førdefestivalen.
Boka vart lansert i Borgja under festen "Aftan på Ålhus" den 8. februar 2020.