Slå den du! Rikken er 90 år og framleis aktiv i spelemannslaget

Rikken kom med i spelemannslaget tidleg på 1980-talet, og i 2002 vart han utnemnd til æresmedlem. Framleis stiller han på øving kvar onsdag, og deltek på speleoppdrag og kappleikar saman med laget. På den siste øvinga før gebursdagsfesten gjorde han eit unntak og heldt seg heime fordi han tenkte vi kanskje hadde ein slått vi trengde å øve på. Og det hadde han jo heilt rett i. Til 80-års dagen hans hadde Sigmund laga ein vals med namn Rikken som vart urframført for 10 år sidan. Den skulle vi spele når han feira 90 også, men sidan den ikkje har vore så mykje brukt trengde vi å øve. Så Rikken er like omsynsfull som alltid.

IMG_1056-2
Rikken med Røde Kors sin medalje for heltemodig innsats som han fekk på gebursdagen, 60 år forsinka. Foto: Nils Helgheim
DSC_6333-2
Samling før festen startar. Arnfinn, Leon, Rikken, Terje Rune og Anders. Foto: Dagunn Kjøsnes
IMG_1049-2
Samling før festen startar. Anders, Dagunn. Arnfinn, Leon, Rikken, Terje Rune, Anders og Ine. Foto: Nils Helgheim
IMG_7578-2
Forutan valsen Rikken spelte vi Skreddarhusen og Huldre i Grovanipa. Foto: Bjarte Erdal
IMG_7579-2
Forutan valsen Rikken spelte vi Skreddarhusen og Huldre i Grovanipa. Foto: Bjarte Erdal
IMG_1051
Ved gåvebordet. Dagunn, Arnfinn, Norleiv og Per. Foto: Nils Helgheim
IMG_1062-2
Norleiv, Rikken og Arnfinn. Foto: Nils Helgheim
IMG_1076-2
Ved gåvebordet. Dagunn, Ine, Arnfinn, Terje Rune, Leon og Anders. Foto: Nils Helgheim
IMG_1078-2
Sigmund, Norleiv, Rikken og Anders. Foto: Nils Helgheim
Per, Sigmund, Egil og Leon. Foto: Nils Helgheim
Ved gåvebordet. Per, Sigmund, Egil og Leon. Foto: Nils Helgheim
IMG_1085-2
Ved gåvebordet. Egil og Leon. Foto: Nils Helgheim
IMG_0839-2
Ved gåvebordet. Dagunn, Ine, Arnfinn, Terje Rune, Leon, Anders og Nils. Foto: Per Lien
IMG_1066-2
Dagunn, Norleiv, Rikken, Arnfinn og Ine. Foto: Nils Helgheim
IMG_1091-2
Rikken og Egil. Foto: Nils Helgheim
IMG_20240303
Jubilanten. Foto: Dagunn Kjøsnes
IMG_1137-2
På første øving som 90-åring var det påan igjen med meir kake. Foto: Nils Helgheim
IMG_1139
Onsdagsgjengen. Foto: Nils Helgheim
IMG_1144
Onsdagsgjengen. Foto: Nils Helgheim
IMG_1149-2
Dagfrid hadde med seg ei musikalsk gåve til Rikken. Foto: Nils Helgheim
| Mer++