foto oddleiv hjellum

Lagshistorie

Indre Sunnfjord Spelemannslag

Her kan du lese litt om historia til laget, arbeidet med rekruttering, og om dei musikalske leiarane i laget.

Indre Sunnfjord Spelemannslag har gjennom mange år markert seg som eit av landets aller fremste spelemannslag, og driv aktivt med konsertar og dansespel. På merittlista står ei rekkje kappleikssigrar, og laget kan dessutan skilte med eit omfattande rekrutteringsarbeid innan både spel og dans. Blant medlemmene finn ein fleire framståande solistar og grupper som har markert seg i både lokal og internasjonal samanheng.

Slåttemusikken frå Sunnfjord er eit naturleg fokus for laget, men på repertoaret står også musikk frå resten av Vestlandet. I 2003 gav laget ut plata Sommarkveld med slåttar av og etter spelemenn frå Sunnfjord. 

Musikalsk leiar er Sigmund Eikås.
 

Lagshistorie

Indre Sunnfjord Spelemannslag vart skipa 9. februar 1969. Øvingane den første tida var på Heimyrkjeskulen på Vassenden, med Einar Bakkane frå Naustdal som musikalsk leiar. I 1973 tok Sigmund Eikås frå Jølster over som musikalsk leiar, og det har han vore sidan!

- Vi spelte kvar slått gjennom tre gongar, i fullt tempo, og då galdt det å hengje med. Lagspelet vårt den gongen bar nok preg av at vi var ferske, og første gong vi stilte på kappleik, kom vi nest sist, fortel Sigmund Eikås.
 

Rekruttering

Indre Sunnfjord Spelemannslag ser arbeidet med rekruttering til spel og dans som ei viktig oppgåve. For å ta vare på og vidareføre folkemusikken, er det viktig at barn og unge får kunnskap om og erfaring med spel og dans.

Spelemannslaget har i samarbeid med ungdomslag, kulturskular og folkemusikarordninga lagt ned ein årelang innsats på rekrutteringsområdet, og resultatet er eit levande ungdomsmiljø der fleire utøvarar har markert seg både nasjonalt og internasjonalt.

Laget skipar med jamne mellomrom til nybyrjarkurs, og har elles også ein stor felepark til utlån.
 

Musikalske leiarar


Ingrid Heieren (f. 1988), Jølster
Musikalsk leiar 2015-2016.
Ingrid Heieren_300x200.jpg


Sigmund Eikås (f.1947), Jølster
Musikalsk leiar frå 1973 til 2015, og på nytt frå hausten 2016.
sigmund2hogkontrast_300x337.png
Sigmund Eikås er A-klassespelemann og hardingfelepedagog, og har vore tilsett som folkemusikar i Sogn og Fjordane fylkeskommune sidan 1989. Gjennom ei årrekkje har han vore ein stor inspirator og viktig læremeister for mange unge felespelarar i regionen, og han blir rekna for å vere ein svært god dansespelemann. Eikås vart nominert til Spellemannprisen 1994 for soloplata "Jølstring".


Einar Bakkane (1907-1973), Naustdal
Musikalsk leiar frå 1969 til 1973

Einar Bakkane voks opp på "Bakkå" i Solheimsdalen, og allereie som 9-åring spelte han i bryllaup for første gong. I fleire år var Einar dreng hos spelemannen Valton Torvik, og lærde såleis mange slåttar etter han. Sjølv meinte Bakkane at han hadde mesteparten av spelet sitt etter Torvik. Han hadde også slåttar etter Ola Fauske og Ola Nos.

Bakkane skada venstre peikefinger på saga, og var borte frå felespelet i mange år. Ein gong var han var i bryllaup fek han hug til å prøve fela då spelemannen tok pause. Det vart opptakta til at han tok opp att felespelet, og han var ein mykje etterspurd dansespelemann.

På Vestlandskappleiken 1973 i Førde vann han spel hardingfele klasse D.

Einar Bakkane var ein av initiativtakarane til å starte Indre Sunnfjord Spelemannslag i 1969.

 

| Mer++