Ma | Ti | On | To | Fr | |||
---|---|---|---|---|---|---|---|
09 | 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 |
10 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 | 13 | 14 |
11 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 | 20 | 21 |
12 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 | 27 | 28 |
13 | 29 | 30 | 31 |
For å gjere det enklare å bla seg tilbake til dei eldste fotoalbuma, så er dei no gruppert etter årgang. Ser du etter ein biletserie frå 2007 t.d., så vel du albumet 2006-2010 under mneypunktet Fotoalbum.
Det var ei flott og høgtideleg markering då Hilde Bjørkum fekk utdelt kongens fortjenestemedalje av ordførar Olve Grotle på Sogn og Fjordane Kunstmuseum laurdag 4. juli. Indre Sunnfjord Spelemannslag fekk vere med på markeringa, og ta del i underhaldninga.
Sjølv om årets Folkemusikkfestival er avlyst så fekk spelemannslaget i oppdrag å spele ved omsorgssentra i Førde, Naustdal, på Sande og Vassenden. Det sette vi stor pris på!
Hilde Bjørkum får medaljen som påskjøning for innsatsen ho har gjort innan kultur og folkemusikk, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Spelemannslaget gratulerer!
Rune og Asbjørg sitt rikhaldige arkiv med lysbilete dekker det meste av 1980-talet.
Her er bilete frå Ingrid sine mange fotoalbum med spelemenn, og ikkje minst dansarar. Bileta er frå åra 1984 til ca. 2004.
Jubileumsboka til spelemannslaget vart slept under festen "Aftan på Ålhus" den 8. februar. Boka har fått tittel etter lagssongen: "Vi kallast Indre Sunnfjord...".
Journalist Ivar Bruvik Sætre i Firda var til stades og laga reportasje, og har stilt bilete til disposisjon.
Ingen ringare enn kongepokalvinnaren frå Landskappleiken 2019 kjem til Sunnfjord for å halde kurs denne helga.