Årsmøte 2024

Sjå bilete og oppsummering frå møtet.

Terje Rune og Knut starta møtet med å spele Gå-låt av Anders Viken. Første gong dei framførte slåtten var på NRK Fjernsyn i programmet Tonevev frå Jølster i 1987. Eit gjensyn med dette finn ein her: Tonevev frå Jølster. Opptaket med Gå-låt startar etter 17 min. og 45 sek. 

IMG_0936-2
Terje Rune og Knut spelte Gå-låt, bruremarsj av Anders Viken. Foto: Nils Helgheim
IMG_0947-2
Knut og Leon gjekk ut av styret. Knut har vore styremedlem - og leiar over fleire bolkar i til saman 19 år, og musikalsk nestleiar i 30 år (så langt), for å nemne noko. Leon har vore i styret i 10 år, dei siste 6 som leiar i tillegg til andre verv i laget. Hilde er ny styreleiar, men har hatt den samme rolla i tre år tidlegare i tillegg til andre verv. Foto: Nils Helgheim
IMG_0950-2
Dagunn har 7 år bak seg i valnemnda og held fram vidare. Terje Rune held fram i styret, der han har vore i til saman 19 år. Herav eitt år som leiar og eitt år som kasserar. Han har også hatt andre verv. Foto: Nils Helgheim
IMG_0953-2
Bjørg, Joar og Ingrid har alle hatt verv i laget. Bjørg har fire år i styret. Joar har sete i valnemnda og vore revisor i til saman 14 år. Ingrid har hatt fleire verv, m.a. 13 år i styret inkl. 8 år som leiar. Foto: Nils Helgheim
IMG_0956-2
Leon, Hilde og Anders. Også Anders har hatt fleire verv i laget, m.a. 7 år i styret. Foto: Nils Helgheim

Årsmøtet vart halde i Førdehuset 14.02.2024 med 10 medlemmer til stades. Leiar Leon la fram årsmelding og rekneskap, som vart godkjent. Landsfestivalen i Gammaldansmusikk vart for tredje gong arrangert i Førde. Festivalen var svært vellukka på alle vis, og gav eit godt økonomisk resultat. Førdehuset som arena er veldig godt eigna, så ideelt sett kunne vi hatt dette arrangementet oftare, men det krev stor arbeidsinnsats…

Størst diskusjon vart det om korleis vi kan betre rekrutteringa blant dei unge innan dans. Siste året har det vore satsa mykje på eit danseprosjekt i barne- og ungdomsskulen. Dette må vidareførast, og i tillegg følgast opp med samlingar utanom skuletida. Yngre vaksne (20+) kan også vere ei aktuell målgruppe sidan det er mykje studentar i Førde. Tilsvarande med Sunnfjord U40-nettverket. Kanskje kan vi oppnå ein "Tuvas Blodklubb-effekt"? Eit tettare samarbeid med Sunnfjord kulturskule er også ønskjeleg.

Dagunn og Joar la fram valnemnda si innstilling, og Terje Rune takka av avtroppande styreleiar Leon og styremedlem Knut for lang og god innsats. Dei nye tillitsvalde er:

Styreleiar: Hilde Bjørkum, ny, vald for eitt år
Styremedlemer: Terje Rune Vie, ikkje på val. Nils Helgheim, ny for to år
Vara til styret: Ine Kjøsnes Raad, attval for eitt år. Solfrid Bjørke Gjuvsland, ny for eitt år
Musikalsk leiar: Sigmund Eikås, attval for eitt år
Musikalsk nestleiar: Knut M. Sandal, attval for eitt år
Revisorar: Norleiv Erdal og Rune Lotsberg, begge attvald for eitt år
Kasserar: Nils Helgheim, attval for eitt år
Valnemnd: Dagunn Kjøsnes, ikkje på val. Leon Årdal, vald for to år

| Mer++