Birger Hagevold Johansen

Utdeling av kongens fortjenestemedalaje til Hilde

Det var ei flott og høgtideleg markering då Hilde Bjørkum fekk utdelt kongens fortjenestemedalje av ordførar Olve Grotle på Sogn og Fjordane Kunstmuseum laurdag 4. juli. Indre Sunnfjord Spelemannslag fekk vere med på markeringa, og ta del i underhaldninga.

Birger Hagevold Johansen

Festivalkonsertar for dei eldre 1. juli 2020

Sjølv om årets Folkemusikkfestival er avlyst så fekk spelemannslaget i oppdrag å spele ved omsorgssentra i Førde, Naustdal, på Sande og Vassenden. Det sette vi stor pris på!

Feiring av ferdig innspelt plate nr 1, Sandalen på sørsida av Jølstravatnet, sommaren 1984-1

Asbjørg og Rune Lotsberg sine bilete

Rune og Asbjørg sitt rikhaldige arkiv med lysbilete dekker det meste av 1980-talet.

2002 Arnfinn 50 g-2b

Frå Ingrid Søyland sine album

Her er bilete frå Ingrid sine mange fotoalbum med spelemenn, og ikkje minst dansarar. Bileta er frå åra 1984 til ca. 2004.

På veg til Landsfestivalen på  Heimdal 1987-2

Torunn Raftevold Rue sine bilete

Her er samla bilete som Torunn har teke i perioden 1983-1987.

IMG_0916

Diverse bilete 2020

1. Kulturelt innslag på årsmøtet. 

2. Øvingar i koronatider er litt annleis enn vanleg. Vi er heldige og har fått låne festsalen i Førdehuset.

Firda-artikkel boklansering

Boklansering 08.02.2020

Jubileumsboka til spelemannslaget vart slept under festen "Aftan på Ålhus" den 8. februar. Boka har fått tittel etter lagssongen: "Vi kallast Indre Sunnfjord...".
Journalist Ivar Bruvik Sætre i Firda var til stades og laga reportasje, og har stilt bilete til disposisjon.

IMG_9717

Helgekurs i hardingfelespel m/Alexander Aga Røynstrand på Mo 17-19. januar 2020

Ingen ringare enn kongepokalvinnaren frå Landskappleiken 2019 kjem til Sunnfjord for å halde kurs denne helga.

Jubileumsfest Hallstein Dvergsdal 3239

Jubileumsfesten i Borgja 30.11.2019

Det var fullt hus og god stemning då Indre Sunnfjord Spelemannslag feira 50 år med fest på Jølster. Det var konsert og underhaldning, eit talrikt og flott publikum, fine ord og helsingar, god mat og svingande dansemusikk. Stor takk frå spelemannslaget til alle som deltok på festen, og til alle som bidrog på scena, på kjøkkenet, med kakebakst, pynting, billettsal og mykje meir.

IMG_2512

Viksdalsmarknaden 2019

Den årlege Viksdalsmarknaden gjekk av stabelen 9. november, og splemannslaget fekk vere med å bidra til dansemusikken. Artig å spele for eit danseglad publikum.