Bokslepp:

"SKAPT TIL SPELEMANN"

Boka om Sigmund Eikås - mannen og musikken, blir sleppt under festkvelden i Borgja den 25. november.

Skapt til spelemann framside
Bok: Skapt til spelemann
På hogg og belegg
CD: På hogg og belegg

Boka om Sigmund har fått tittelen "Skapt til spelemann". Redaktør er Jostein Aardal, tidlegare journalist i Firda og mangeårig medlem i Indre Sunnfjord Spelemannslag. Boka kjem ut på Selja forlag.

Redaktøren stiller spørsmålet: Fødd slik? Eller blitt slik? Ikkje godt å seie. Men få kan vere usamde i at Sigmund Eikås nå vere skapt til spelemann.

Boka er delt i to bolkar. Første delen er skriven av Jostein Aardal og Bjarte Øvrebø. I den andre delen er det innspel frå personar som først og fremst har hatt kontakt med Sigmund gjennom musikken.

Lanseringa skjer på ein stor festkveld i Borgja den 25. november. Der medverkar fleire av landets fremste folkemusikarar.

Sist sommar stod Førdefestivalen bak utgjeving av ein CD med utvalde slåttar av Sigmund. Den har tittelen "På hogg og belegg".

Både bok og CD vert å få kjøpt under festkvelden. Dei kan også tingast ved å sende epost til: indre.sunnfjord.spel@gmail.com

Pris for boka er kr 298. CD kr. 150.
Fraktfritt ved kjøp av to stk.

 

 

| Mer++