Årsmøte 08.02.2023

Sjå bilete og oppsummering frå møtet.

IMG_5513-3
Terje Rune starta med å spele ein Halte-Lars springar. Foto: Nils Helgheim
IMG_5509-2
Terje Rune spelar. Foto: Nils Helgheim
IMG_5517-2
Møtelyden. Foto: Nils Helgheim
IMG_5520-2
Møtelyden. Foto: Nils Helgheim

Årsmøtet vart halde i Førdehuset med 15 medlemmer til stades. Leiar Leon la fram årsmelding og rekneskap, som vart godkjent.

Størt diskusjon var det kring vanskar med å publisere og å få oversikt over arrangement sidan det ikkje finst ei felles plattform som alle brukar. Sunnfjord kommune har ein aktivitetskalendar som er open for alle, men den er foreløpig ikkje så godt kjent.

Rekruttering er også alltid tema på årsmøtet. Det var engasjement for korleis ein kan integrere elevane på kulturskulen i spelemannslaga.

Dagunn og Joar la fram valnemnda si innstilling. Det vart attval på alle tillitsvalde, som er:

Styreleiar: Leon Årdal
Styremedlemer: Knut M. Sandal og Terje Rune Vie
Vara til styret: Ine Kjøsnes Raad og Marie Berge
Musikalsk leiar: Sigmund Eikås
Musikalsk nestleiar: Knut M. Sandal
Revisorar: Norleiv Erdal og Rune Lotsberg
Kasserar: Nils Helgheim
Valnemnd: Dagunn Kjøsnes og Joar Solheim 

| Mer++