Ma | Ti | On | To | Fr | |||
---|---|---|---|---|---|---|---|
35 | 1 | 2 | 3 | ||||
36 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 |
37 | 11 | 12 | 13 | 14 | 15 | 16 | 17 |
38 | 18 | 19 | 20 | 21 | 22 | 23 | 24 |
39 | 25 | 26 | 27 | 28 | 29 | 30 | 31 |
Første helga i januar var det helgekurs i hardingfelespel med Dagfrid Vallestad Brevik frå Gaular Spelemannslag som instruktør. Kurset vart halde i Førdehuset, Musikkrommet i 2. etg.
Sjå reportoar og bilete frå kurset.
Gaular Spelemannslag og Gamlebanken Spelemannslag inviterer til kurshelg i Førde frå 17-19. september.
Dette er kurset som oprinneleg var planlagt i januar, men som måtte utsetjast grunna korona.
Det vert spelekurs med Steinar Rygg som instruktør, og i tillegg vert det kurs med Ottar Kåsa med fokus på vedlikehald av hardingfela.
Sjå kva for slåttar vi lærde.
Ingen ringare enn kongepokalvinnaren frå Landskappleiken 2019 kjem til Sunnfjord for å halde kurs denne helga.
Sjå kva for slåttar vi lærde.
Kurset vart halde av Gaular Spelemannslag i samarbeid med Folkemusikklaget Havbrusen og Indre Sunnfjord Spelemannslag. Instruktør: Arne M. Sølvberg.
Sjå kva for slåttar vi lærde.
Øyvind Brabant frå Nesbyen kjem til Sunnfjord for å lære oss nokre knep og nye slåttar den 2. helga i februar.
Sjå kva for slåttar vi lærde.
Det vert kurs i hardingfelespel på Sande skule den 20-22. januar 2017. Kurset vert halde av Gaular Spelemannslag i samarbeid med Folkemusikklaget Havbrusen og Indre Sunnfjord Spelemannslag. Håkon Høgemo er instruktør.
Sjå kva for slåttar vi lærde.
Det blir kurs i hardingfelespel på Mo den andre helga i januar 2016. Kurset vil bli i samarbeid med Gaular Spelemannslag og Folkemusikklaget Havbrusen, men blir ope for deltakarar også frå andre lag. Vossingen Leif Rygg blir instruktør. Sett av helga!
Sjå kva for slåttar vi lærde.
Kurset blir på Mo med Siri Dyvik som instruktør. Oppstart fredag den 7. januar kl. 20.00. Kurset er gratis. Laurdag kjem overlege Einar Solheim ved Hørselsentralen SSSF for å informere om korleis førebyggje hørselskader.
Sjå kva for slåttar vi lærde.
Tradisjonen tru blir det helgekurs i hardingfelespel på Mo den første helga på nyåret, dvs. 2-4. januar.
Denne gongen er det Leif Rygg frå Voss som skal halde kurset. Som vanleg startar vi opp fredag kl. 20.00. Kurset held fram på laurdag og blir avslutta sundag ettermiddag. Kurset er gratis for medlemmer av spelemannslaget. Laget spanderer pizza på laurdagen. Laurdag kveld blir det musikalsk samling i peisestove på Mo med underhaldning av Leif Rygg. Arr.: Indre Sunnfjord Spelemannslag
Instrukttørar blir Per Sæmund Bjørkum, Jon Faukstad og Arne M. Sølvberg. Bjørkum og Faukstad underviser v/Norges Musikk-høgskole innan hhv. fele og trekkspel. Det blir parallelle kurs for fele/hardingfele og trekkspel. Kursa blir haldne i Gamlebanken i Førde. Kursavgift. Laurdag kveld blir det konsert på Eikaasgalleriet med lærarane som utøvarar. Sjå meir info under Kva skjer.