Sjå bilete og oppsummering frå møtet. Kulturinnslag der Knut spelte Gamle-slåtten, og Sigmund spelte av slåtteopptak med sine gamle førebilete.
Årsmøtet vart halde i Førdehuset 12.02.2025 med 16 medlemmer til stades. Leiar Hilde var ordstyrar, og sakene vart stemt gjennom utan innvendingar.
Knut starta møtet med å spele Gamleslåtten etter Gamlehagen (Anders Haga) frå Voss. Utanom vanlege årsmøtesaker fekk vi meir kultur då Sigmund spelte av nokre opptak av utvalde spelemenn: Sigbjørn Bernhoft Osa med Store-Vetle-Per og Bygdatråen, Odd Bakkerud med Rotneims-Knut og Lars Skjervheim med Sjur i Dammen. Av Sigmund sjølv fekk vi høyre ei innspeling av Knepphallingen frå Landskappleiken i Bø 1988 til stor applaus frå salen.
Dagunn la fram valnemnda si innstilling, og denne saka vart nærmast ein kopi frå året før sidan alle som var på val tok attval. I tillegg tok ho sjølv attval i valnemnda. Årsmøtet bestemte og at Joar si rolle som leiar for danseaktiviteten skal formaliserast.
Dei tillitsvalde for komande år er etter dette:
Styreleiar: Hilde Bjørkum, attval for eitt år.
Styremedlemer: Terje Rune Vie, attval for to år. Nils Helgheim, ikkje på val.
Vara til styret: Ine Kjøsnes Raad og Solfrid Bjørke Gjuvsland, begge attvald for eitt år.
Musikalsk leiar: Sigmund Eikås, attval for eitt år.
Musikalsk nestleiar: Knut M. Sandal, attval for eitt år.
Danseleiar: Joar Solheim, vald for eitt år.
Revisorar: Norleiv Erdal og Rune Lotsberg, begge attvald for eitt år.
Valnemnd: Dagunn Kjøsnes, attval for to år. Leon Årdal, ikkje på val.