Utanom ordinære årsmøtesaker var det sak om Folkemusikktilbodet i Sunnfjord kulturskule og om dansetilbod for unge vaksne og ungdom. Angåande kulturskulen er det krav frå politisk hald om store innsparingar innan kultursektoren som vil kunne ramme kulturskulen hardt. Spelemannslaget vil saman med andre lag og organisasjonar komme med eit innspel. Angåande dansetilbod har vi akkurat starta med eit opplegg i samarbeid med ungdomsklubben i Førdehuset der Kirsten Friis og Leon Årdal tilbyr danseinstruksjon og Knut M. Sandal er spelemann. Dette for å kunne tilby ei oppfølging til dei ungdommane som har vore gjennom danseopplæring i skuletida. For unge vaksne vil det etablerast ei arbeidsgruppe som skal arbeide med å gje desse eit tilbod innan folkedans. Målsetjinga er å arrangere to dansekveldar til hausten.

Det kulturelle innslaget var det Terje Rune Vie og Knut M. Sandal som stod for. Dei spelte Farnesbrura, ein brureslått av Lars Skjervheim.

Etter vala har laget desse tillitsvalde for komande år:

Styreleiar: Hilde Bjørkum, attval for eitt år.
Styremedlemmer: Nils Helgheim, attval for to år. Terje Rune Vie, ikkje på val.
Vara til styret: Ine Kjøsnes Raad, attval for eitt år og Marie Berge, ny for eitt år.
Musikalsk leiar: Sigmund Eikås, attval for eitt år.
Musikalsk nestleiar: Knut M. Sandal, attval for eitt år.
Danseleiar: Joar Solheim, attval for eitt år.
Revisorar: Norleiv Erdal og Rune Lotsberg, begge attvald for eitt år.
Valnemnd: Leon Årdal, attval for to år. Dagunn Kjøsnes, ikkje på val.