Laurdag 30.11.2019 hadde Indre Sunnfjord Spelemannslag mykje å feire. Laget markerte femti samanhengande aktive år, og ein nytta også høvet til å gjere stas på den nye æresmedlemen i laget, Asbjørn Fonn. Asbjørn er dermed i godt selskap, men han tilfører også buketten av æresmedlemar ein ny dimensjon - felemakaren er no på plass.
For Asbjørn (f. 1937) har gjort ein svært allsidig og solid innsats for spelemannslaget sidan han flytta tilbake til Sunnfjord på slutten av 70-talet. Han har heile tida vore aktiv felespelar, men har også delteke i visegruppa til laget og på danseinnslag. Fela til Asbjørn er sjølvgjord, og saman med felebyggarkunsten tileigna Asbjørn seg mykje erfaring og innsikt som gjorde at han kunne ta på seg oppdrag med justering og reparasjon av feler. Dette har vore til stor glede og nytte for medlemane i spelemannslaget - til liks med mange andre. Asbjørn har innreia eigen feleverkstad, og her er det plass til feler på vent, feler i arbeid, nyproduksjon, eigna material og utstyr samt verktøy ein handverkar verdig. Mykje spesialutstyr må til, og ein del verktøy har han laga sjølv for å få det heilt tilpassa bruken. Asbjørn sitt nøyaktige og fingerferdige arbeid har stadig vore til stor hjelp i vedlikehaldet av felene våre. Sjølv har han nok erfart at dette arbeidet har teke tid som han elles kunne nytta i produksjon av nye feler, men vi er svært takknemlege for at vi framleis kan rådføre oss, få nyttige tips og nødvendig hjelp av den allsidige lagspelaren Asbjørn.
Tekst: Dagunn Kjøsnes