Mange aktørar var i sving på Riksscena for å markere at Sigmund har fylt 75 år. Indre Sunnfjord Spelemannslag var der sjølvsagt, saman med andre grupper og solistar. Sjå Knut Utler sine bilete frå konserten.
Den 15. oktober var det mange folkemusikarar frå Sunnfjord og Nordfjord i hovudstaden. Riksscena markerte Sigmund sin 75-års dag med stor festkonsert der Arne M. Sølvberg var programleiar. Tidlegare på dagen var det danse- og spelekurs. Hilde og Leon lærde vekk Jølstraspringar og parhalling med Gunhild og Ine som spelemenn. Dagfrid og Knut lærde vekk Sigmund-slåttar. Etter kursa var det konsert med Britt Pernille Frøholm/Marianne Clementine Håheim, og solokonsert med Gro Marie Svidal. Til slutt var det dans der desse stod for dansemusikken (i tur og orden): Sunnfjord Juniorspelemannslag, Ingrid Stuhaug og Ole Nilssen, Indre Sunnfjord Spelemannslag, Honndalstausene, Joar Skorpen, Arne M. Sølvberg. Publikum var tydelegvis godt nøgde med musikken, og heldt det gåande på dansegolvet til langt på natt.
Dagen på Riksscena var særdeles fin, og alt gjekk etter planen (og vel så det).
Knut Utler var til stades på festkonserten og dei andre arrangementa, og han tok mange gode bilete som vi har fått retten til å bruke.
Sjå eige innlegg med bilete frå det som skjedde utanom festkonserten.