Sigmund festkveld

Borgja 25. november 2017

Festkveld for Sigmund Eikås 25.11.2017

70 år vert markert med konsert, dans og bokslepp i Borgja på Ålhus 25. november!

Indre Sunnfjord spelemannslag inviterer til festkveld for Sigmund Eikås i Borgja på Ålhus laurdag 25. november. Sigmund fylte 70 år i vår, og spelemannslaget vil markere dette med konsert og dans. Spelemannsvener frå fjern og nær vil bidra til at dette blir ein skikkeleg festkveld. På konserten deltek mellom andre Knut Hamre, Øyvind Brabant, Gro Marie Svidal, Elin Grytting, Einar Eimhjellen, Arne M. Sølvberg, John Oddvar Kandal, Øyvind Lyslo og Vidar Underseth. Arrangør Indre Sunnfjord Spelemannslag er sjølvsagt med saman med nabolaget Fjellklang Spelemannslag.Og det blir nokre overraskingar!

Under årets Førdefestival var det plateslepp med Sigmund sine slåttar. På festkvelden i Borgja blir det lansering av eit festskrift som har fått tittelen "Skapt til spelemann". Ei bok om Sigmund Eikås - mannen og musikken.

| Mer++