Den 7. oktober 1975 vart ein merkedag for fleire av dei som framleis er aktive i spelemannslaget. Då starta dei nemleg på eit hardingfele-kurs for begynnarar i regi av spelemannslaget og med Sigmund som instruktør. Det melde seg heile med 35 deltakarar på kurset, som var langt fleire enn rekna med. Elevane måtte delast på to grupper i Førde og to på Vassenden, og det var problem å skaffe nok feler. Kurset var tydelegvis svært vellukka, og seks av deltakarane pluss instruktøren tok del i 50-års feiringa på ei øving i oktober. På øvinga spelte vi gjennom slåttar som stod på reportoaret frå 1975 og tida utover. Avisa Firda var flinke til å omtale kurset både før og etter oppstart.
