Hilde tildelt kulturprisen for Førde kommune 2018

Prisen vart utdelt torsdag 13. desember 2018 i Førdehuset i samband med bystyret sitt julemøte. Prisen er på 25 000 kroner. Les heile grunngjevinga frå Førde kommune. Sjå også meir om andre prisar som Hilde er tildelt.

Vi nyttar også høvet til å ta med eit oversyn over prisar som Sigmund Eikås og Ingrid Søyland har fått. Begge sentrale i Indre Sunnfjord Spelemannslag.

Hilde Bjørkum kulturprisutdeling
Ordførar Olve Grotle delte ut prisen. Foto: Helge Johnsen, Firda.

Grunngiving for kulturprisen til Hilde Bjørkum

Hilde Bjørkum får prisen først og fremst for hennar engasjement med å utvikle folkemusikkfestivalen i Førde til ein knutepunktfestival med internasjonal profil. Under leiing av Hilde Bjørkum har Førdefestivalen gått frå å vere ein usannsynleg idé, til å bli den største festivalen i Skandinavia for folkemusikk og verdsmusikk.

Hilde Bjørkum var direktør for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival sidan oppstarten for festivalen i 1989 til oktober 2018. Ho har òg røynsle frå organiasjons- og kulturarbeid både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.  Ho har hatt ei rekke verv og oppdrag, mellom anna for Norsk Kulturråd, Nordisk Musikkomité, Music Norway, Kulturdepartementet, EU’s Kulturprogram og Womex. Ho har vore leiar i Rådet for folkemusikk og folkedans, styremedlem for Norges Musikkhøgskole og president i European Forum of Worldwide Music Festivals. For tida er ho styreleiar for Norske Festivaler og for Krafttak for Song.  Ho har motteke ei rekke prisar for sitt arbeid, mellom anna har ho fått heidersprisen til Rådet for folkemusikk og folkedans (2006), fylkeskulturprisen (2015) og  folkemusikkprisen (2018).

Artikkelen er henta frå heimesida til Førde kommune her:

Les om dei tidlegare pristildelingane her:
Rff-prisen
Fylkeskulturprisen
Folkemusikkprisen

Hilde er ikkje den einaste prisgrossisten av dei som er aktive i Indre Sunnfjord Spelemannslag. Ho har godt selskap av Sigmund Eikås og Ingrid Søyland, som har fått desse prisane:

Sigmund:
Rff-prisen 1994, Folkemusikkprisen frå Sogn og Fjordane Folkemusikklag i 2000, Fylkeskulturprisen for Sogn og Fjordane i 2001 og Kulturprisen i Jølster i 2001.

Ingrid:
Kulturprisen i Jølster i 2003 og Folkemusikkprisen frå Sogn og Fjordane Folkemusikklag i 2004.

| Mer++