Ma | Ti | On | To | Fr | |||
---|---|---|---|---|---|---|---|
35 | 1 | 2 | 3 | ||||
36 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 |
37 | 11 | 12 | 13 | 14 | 15 | 16 | 17 |
38 | 18 | 19 | 20 | 21 | 22 | 23 | 24 |
39 | 25 | 26 | 27 | 28 | 29 | 30 | 31 |
Spelemannslaget har fylt 50 år, og lagssoga er samla mellom stive permar i ei bok som har fått tittel etter lagssongen vår: "Vi kallast Indre Sunnfjord...".
Redaktør av boka er journalist og folkemusikar Jostein Aardal. Omslagsfoto: Knut Utler, Førdefestivalen.
Boka vart lansert i Borgja under festen "Aftan på Ålhus" den 8. februar 2020.
Dette er andre boka Indre Sunnfjord Spelemannslag står bak. Den første var Skapt til spelemann. Sigmund Eikås - mannen og musikken som vart utgitt i samband med at nestoren i spelemannslaget fylte 70 år i 2017.
Vi håpar og trur at dei to bøkene einskildvis, og ikkje minst samla, er interessante og gjev viktige bidrag til kunnskap om folkemusikk, spelemenn- og kvinner, songarar og dansarar i Sunnfjord og litt til.