Det var fullt hus og god stemning då Indre Sunnfjord Spelemannslag feira 50 år med fest på Jølster. Det var konsert og underhaldning, eit talrikt og flott publikum, fine ord og helsingar, god mat og svingande dansemusikk. Stor takk frå spelemannslaget til alle som deltok på festen, og til alle som bidrog på scena, på kjøkkenet, med kakebakst, pynting, billettsal og mykje meir.
































