På den siste øvinga før gebursdagsfesten gjorde han eit unntak og heldt seg heime fordi han tenkte vi kanskje hadde ein slått vi trengde å øve på. Og det hadde han jo heilt rett i. Til 80-års dagen hans hadde Sigmund laga ein vals med namn Rikken som vart urframført for 10 år sidan. Den skulle vi spele når han feira 90 også, men sidan den ikkje har vore så mykje brukt trengde vi å øve. Så Rikken er like omsynsfull som alltid.