På Marknadsfesten den 12. november fekk Indre Sunnfjord Spelemannslag bidra med dansemusikk i lag med toradargruppa i Naustedalen Spelemannslag, Egil Furnes og Viksdalen Juniorspelemannslag med vener. Tidlegare på dagen var det dansekurs for dei unge der Gunhild Daling Korsøen og Ine Kjøsnes Raad sørga for dansemusikken. Kjekt med mange unge på dansegolvet!
Sjå bilete frå Marknadsfesten.