Ma | Ti | On | To | Fr | |||
---|---|---|---|---|---|---|---|
17 | 1 | ||||||
18 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 |
19 | 9 | 10 | 11 | 12 | 13 | 14 | 15 |
20 | 16 | 17 | 18 | 19 | 20 | 21 | 22 |
21 | 23 | 24 | 25 | 26 | 27 | 28 | 29 |
22 | 30 | 31 |
Her er ei oversikt over arrangement som kan vere aktuelle for spelemannslaget og folkemusikkinteresserte i 2022.
Det er utvikla ein arrangementskalender for folkemusikk og folkedans i Norge. Den er "enn så lenge" berre tilgjengeleg på Facebook. Besøk sida her
- Speling på Vassenden omsorgssenter
- Terje Rune fyller år
- Test av dansegolv i idrettshallen
- Sigmund fyller år
Hilde er utnemnd til ny Heidersmedlem i FolkOrg 2021. Sjå video frå utdelinga i Oslo, og frå intervju med Hilde i Førde her: Video FolkOrg
Innslaget om Hilde startar etter 43,18 minutt.
Sjå også oppslag i Firda etter offentleggjeringa
den 19. desember 2021: Firda
Bilete frå speling i Slåttentunet, frå møte om Landsfestivalen 2023 og videoopptak av Hilde.
I samband med utgjeving av 50-års jubileumsboka til spelemannslaget i 2020 fekk vi tilgang til Førdefestivalen sitt fotoarkiv. Vi har no valt ut bilete frå dette arkivet som kan vere av spesiell interesse innan folkemusikkmiljøet i Sunnfjord, og har publisert dei under menypunkt Fotoalbum / Førdefestivalen. Dei fleste av desse bileta har ikkje vore publisert tidlegare. Takk for velvilje frå Førdefestivalen!
Snarveg: Førdefestivalen
Helga 8-10 oktober 2021 var det Vestlandskappleik i Granvin.
Her er bilete frå kappleiken
Kurset var i Førdehuset 17-19. september 2021.
Steinar Rygg lærde vekk nye slåttar, og Ottar Kåsa heldt kurs i stell og vedlikehald av felene.
Flg. slåttar stod på reportoaret:
- Gamal Vossarull (nr. 1)
- Gamal Vossarull (nr. 2)
- Bulkospringar etter Per Bulko
- Muraren
Sjå bilete av spelemannslaget i aksjon under Førdefestivalen. Vi Var ikkje på dei store scenene i år, men det var veldig artig å kunne spele for publikum att etter lang pause. Vi spelte framfor Førdehuset før opningskonserten torsdag, og på nye torgscena fredag.
Artikkel i Firda (krev abonnement): Torgscena
Instagram: nrkvestland
Facebook: Førdehuset (frå 0,17) Torgscena (0,49)
Her er klipp frå stoff som som har vore på trykk i avisa Firda, og som viser litt av spelemannslaget si tidlege historie. Det er artiklar om skipinga av laget, annonsering av øvingar og notisar om arrangement som laget var med på dei første åra, samt ein del anna. Stoffet vitnar om at aktiviteten og interessa for spelemannslaget starta tidleg etter skipinga den 9. februar 1969. Laget deltok i mange slags tilstelningar. Særleg var det tett kontakt med ungdomslaga, som ofte stod for arrangementa der det var dansespeling.
Her er samla bilete av spelemenn og dansarar frå Sunnfjord-distriktet henta frå private kjelder eller sosiale medium. Her er både eldre og litt nyare bilete.