Ma | Ti | On | To | Fr | |||
---|---|---|---|---|---|---|---|
17 | 1 | ||||||
18 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 |
19 | 9 | 10 | 11 | 12 | 13 | 14 | 15 |
20 | 16 | 17 | 18 | 19 | 20 | 21 | 22 |
21 | 23 | 24 | 25 | 26 | 27 | 28 | 29 |
22 | 30 | 31 |
- Speling på Vassenden omsorgssenter
- Terje Rune fyller år
- Test av dansegolv i idrettshallen
- Sigmund fyller år
Bilete frå speling i Slåttentunet, frå møte om Landsfestivalen 2023 og videoopptak av Hilde.
Helga 8-10 oktober 2021 var det Vestlandskappleik i Granvin.
Her er bilete frå kappleiken
Kurset var i Førdehuset 17-19. september 2021.
Steinar Rygg lærde vekk nye slåttar, og Ottar Kåsa heldt kurs i stell og vedlikehald av felene.
Flg. slåttar stod på reportoaret:
- Gamal Vossarull (nr. 1)
- Gamal Vossarull (nr. 2)
- Bulkospringar etter Per Bulko
- Muraren
Sjå bilete av spelemannslaget i aksjon under Førdefestivalen. Vi Var ikkje på dei store scenene i år, men det var veldig artig å kunne spele for publikum att etter lang pause. Vi spelte framfor Førdehuset før opningskonserten torsdag, og på nye torgscena fredag.
Artikkel i Firda (krev abonnement): Torgscena
Instagram: nrkvestland
Facebook: Førdehuset (frå 0,17) Torgscena (0,49)
Årsmøtet for 2021 vart avvikla den 28. april. Leon og Sigmund vart attvald som leiarar. Også dei andre tillitsvalde held fram eit år til. Årsmøtet vedtok elles at laget skal arrangere Landsfestivalen i gamaldansmusikk i 2023.
Knut starta det heile med å spele ein Mosafinnspringar.
Det var ei flott og høgtideleg markering då Hilde Bjørkum fekk utdelt kongens fortjenestemedalje av ordførar Olve Grotle på Sogn og Fjordane Kunstmuseum laurdag 4. juli 2020. Indre Sunnfjord Spelemannslag fekk vere med på markeringa, og ta del i underhaldninga.
Sjølv om årets Folkemusikkfestival er avlyst så fekk spelemannslaget i oppdrag å spele ved omsorgssentra i Førde, Naustdal, på Sande og Vassenden. Det sette vi stor pris på!
Hilde Bjørkum får medaljen som påskjøning for innsatsen ho har gjort innan kultur og folkemusikk, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Spelemannslaget gratulerer!